Kasper Brandt Slettebakken.

Dansk. Far til 3 gutar og i Noreg på 6. året. 36 år gamal. Lærar på Radøy. Bur på Manger.

Hvilken distanse skal du løpe i BCM 2021?:

Er påmeldt halvmaraton, men er gira på å utfordre meg sjølv på maratondistansen igjen.

Hvorfor vil du anbefale andre å delta i BCM?

BCM er ein folkefest som i tillegg til å samle folk i og rundt Bergen, også drar folk til seg frå resten av Norge samt Norden og fleire andre land i tilleg. Løypen er utfordrande men slåande vakker. Høgdemeterane opp fjellvegen blir for ein stund gløymt når utsiktspunktane tvingar deg til å sjå mot høgre over byen og fjordane. Målstreken på Bryggen er berre prikken over i’en. For ein stemning!!!

Hva motiverer deg til å komme deg ut å trene?

Kjensla eg får når eg løper åleina. Kjensla eg får når eg løper med andre. Kjensla er opplever når eg kjenner på kva kroppen kan.

«Noko skjedde med meg når eg løp. Eg sorterte tankene mine…»

D. 31. mai 2014 rørte eg alkohol for siste gangen. Eg skulle bli pappa til hausten. Og eg var lei. Lei over alkoholen sin innflytelse på korleis eg hadde det og lei over kva den gjorde med meg. Festene i helgene gjorde meg sløv langt inn i veko. I tillegg hadde eg ambisjonar om å være en fantastisk lærar, som var PÅ – full av liv, energi og fokusert. Heile veko. Slik ville eg og være som far – kvar dag. Så eg sluttet å drikke alkohol. Frå denne dagen, og har ikkje rørt det sida.

D. 1 juni sprang eg ca. 2,5km. To dagar etter sprang eg litt lengre. Eg var i utgangspunkta ein sporty mann, men løping hadde eg aldri drevet med.

Noko skjedde med meg når eg løp. Eg sorterte tankene mine. Nokre ganger tenkte eg ikkje i det heile tatt. Nokre ganger kom eg heim med nye ideer og prosjekter eg hadde planlagt på løpeturen. I tillegg kjente eg på mestring i form av aukande kondis og større overskot i kvardagene.

Eg blei skadda umiddelbart. Sjølvsagt. Eg berre løp. Fortere og fortere. Meir og meir. Frå ingen løping til tre ganger i veko på hard asfalt. Det blei eit halvt år utan løping, men i våren 2015 var eg betre førebudd. Strukturerte treninga betre og blei interessert i å delta på løp for å prøve meg sjølv. Slik har tida gått. Eg flyttet til Noreg i 2015 med min kone og fekk to gutar til.

Løpingen gjorde at eg blei kjend med Radøy med ein gong og at det blei lettere å integrere seg i miljøa på bygda.

I januar 2019 startet eg løpefellesskapet Radøy Løpeklubb. Mål: Å sprede løpeglede, gratis, til store og små samt alle nivåar. Eg står for fellestreningar kvar onsdag og deltar på løp rundt omkring og arrangerer eiga løp av og til. Difor er eg også her. Som ambassadør for BCM. Å sprede bevegelsesglede ligg djupt i meg. Og eg vil jobbe for det til den dag eg blir tvunga vekk frå asfalten.

På min Instagram vil eg dele tips og økter fram mot #BCM og sjølv dele vegen for mitt eiga mål. Eg skal løpe maraton på under 3 timer med tre økter i snitt pr. veke. Eg er klar – er du?