Laila Fossheim
24 år, sykepleier, Bergen/Sandane
Hvilken distanse skal du løpe i BCM 2026?:
Eg har meldt meg på maraton 42 km under BCM. Skal prøve å gjennomføre den lengste distansen min nokon gong.
Hva motiverer deg til å komme deg ut å trene?
Det som motiverer meg til å trene er den gode følelsen det gir meg av å vere fysisk aktiv, og ikkje minst den friske lufta når eg trenar ute. Trening er min friplass frå alt av stress og unødvendige tankar. Då er det einaste eg tenker på dei arbeidsoppgåvene eg skal gjere gjennom treningsøkta. Trening er også ein sosial arena for meg, der eg møter mange av mine venner som det ellers er vanskeleg å treffe i ein hektisk kvardag.
Hva gjør løping så spesielt for deg?
Interessa mi for springing har komt mykje dei siste par tre åra. Eg har tidlegare aktivt spelt handball, og der er springing ein stor del av idretten. Etter at handballkarriera tok slutt fant eg meir interesse for springing, og spesielt ute, for det å vere ute i naturen og frisk luft er noko av det beste eg veit. No når eg også har starta å jobbe fulltid som sjukepleiar er springing ein effektiv treningsform som eg alltid på eitt eller anna vis får tid til.
Min beste løpsopplevelse trur eg må vere mitt første løp som var no på våren i 2025. Då sprang eg Redbull Wings for Life World Run, og den gode stemninga som var blant alle som var der er noke heilt eige. Tilskodarar og deltakara, god musikk og godt vêr resulterte også i ny personleg rekord på halvmaraton! Dette ga meirsmak, og dette resulterte i å melde meg på maratonet på BCM for å ha ein skikkeleg utfordring å jobbe mot.
