Berit Kristine Rolland, 39 år

Jobber som adjunkt, bor i Kvinnherad.

 

Hvilken distanse skal du løpe i BCM 2020?:

Jeg skal løpe halvmaraton!

Hvorfor vil du anbefale andre å delta i BCM?

Det er eit løp som passar for alle.  Ein kan velje mellom fleire distansar, og med på kjøpet får ein vakre gater, urbant byliv og mange glade menneske som er ute i same ærend som ein sjølv.  Ein får sett Bergen frå fleire vinklar, og løypetraseen er variert og kjekk. Undervegs er det publikum som heiar på deg, og som motiverer deg til å gje alt.

Hva motiverer deg til å komme deg ut å trene?

Sommaren 2017 vart eg andpusten då eg gjekk opp trappa til stova mi. Der og då bestemte eg meg for at eg måtte endre livsstilen min dersom eg skulle få oppleva å sjå døtrene mine bli vaksne, og kunne følgje dei opp på den måten eg ynskte. Treninga gjev meg overskot både på heimebane og til å meistre jobben.  Eg har løyst mangt eit verdsproblem når eg har vore ute på tur!

Eg har aldri likt å springa

Eg trur eg trygt kan seie at det ikkje er så mange som har sett meg gjere nettopp det dei sjuogtredeve fyrste åra eg levde.  Eg har eigentleg ikkje likt fysisk aktivitet i det heile tatt, med unntak av turar i skog og fjell med mann og barn. Laaangt langt langt der inne i hjernen har eg likevel tenkt at eg burde finna glede i ein aktivitet, både av helsemessige årsakar og for å kunne følgje opp døtrene mine.  Hausten 2017 klarte eg å springa mellom 400  – 600 meter utan stopp.   Gradvis klarte eg lengre og lengre, og då eg såg ein annonse for Bergen  City Marathon, meldt eg meg på 5 km løpet.  Løpet var målet gjennom heile vinteren og våren. Eg måtte fullføra!

Dagen kom, og eg kjente godt på nervene før løpet starta. Eg sa til mannen min dette skulle eg aldri gjere igjen.  Undervegs gjekk det ganske bra, eg klarte til og med springe forbi nokre.  Eg merka sjølv at eg sprang med eit smil. For ei lukkekjensle og komma i  mål på Bryggen! Eg følte at eg hadde vunne i Lotto og OL på same dag.  Ei ekstremt god oppleving, og mestringkjensle på høgt nivå.

Hausten 2018 bestemte eg meg for at eg måtte ha eit nytt mål.  5 km var kjekt, men kanskje eg kunne klare springe lengre?  Helst skulle eg ha sprunge eit 10 km løp, men sidan det ikkje er ein distanse i Bergen City Marathon, bestemte eg meg for å melde meg på halvmaraton. Tida fram mot løpet var prega av både redsel og glede for påmeldinga. Eg sa ikkje til så mange kva eg hadde gjort, for eg var så redd for å mislukkast. Prøvde å trena jamt og trutt fram mot løpet, men kom aldri over 15 km før løpet.  Løpedagen var eg superklar og motivert. Havregraut til frukost og minst 10 turar på toalettet før vi gjekk bort på startsstreken.  For ein start! Følte meg som ei stjerne allereie før løpet! Klarte å tenke positivt , og ikkje på at alle såg sprekare ut enn meg.  Stolte på klokka mi, og passa på pulsen. Hadde gått gjennom løypekartet så mange gonger i hovudet, at eg visste kva som venta meg rundt neste sving. Sprang gjennom Sandviken og i Fjellvegen, oppdaga plassar som eg berre hadde lese om i Gunnar Staalesen sine bøker. Ned til Møllendal, kjente litt på vondter i magen – og måtte vere sterk i trua på at dette skulle gå bra. Kom heldigvis ein sjokolade- og bananmoglegheit ved ADO arena. Plutseleg nærma eg meg Bryggen. Utruleg mykje folk og eg kjende meg som ei skikkeleg stjerne på veg mot mål. Lukkekjensle de lux når eg passerte mållinja.  Tenk at eg klarte det! Tida var ikkje så viktig for meg, men eg kan vel innrømme at mannen min, som også deltok, hadde vore på hotellet og dusja  før eg kom i mål.  Det viktigaste for meg var at EG hadde klart å fullføre ein halvmaraton.

No er eg igjen klar for halvmaraton i april, og eg er heilt sikker på at du også kan klare det.  No seier eg det til og med til mange! Eg har ingen stil og teknikk, ikkje superdyre springekle eller fin hårsveis som er perfekt under løpet. Har du sett Phoebe sin springestil i Friends, så er eg omtrent der.  Eg er så langt frå atlet som det går an til å komme, og kjem ikkje til å setje ny løyperekord denne gongen heller. Eg har forholdsvis lite løpserfaring,  men eg har ein ganske stor vilje.  Eg er treig – men eg gjennomfører.   Å vinne over seg sjølv er ganske kult det også! Og veit du kva?
No syns eg faktisk det er ganske kjekt å springa.