Hilde Fenne, 26 år

Studerer Fysioterapi, bor i Bergen

Hvilken distanse skal du løpe i BCM 2020?:

Halvmaraton.

Hvorfor vil du anbefale andre å delta i BCM?

Bergen City maraton er ein folkefest frå start til mål. Det er god stemning gjennom heile løypa med heiing og alltid nokon å springe med uansett kva fart du spring i. Det gjer at du alltid kan henga deg på nokon eller springa forbi for litt ekstra motivasjon 🙂 Det er og eit veldig fint mål og sette seg for å halde vedlike løpetreninga gjennom vinteren. Og dersom du ikkje er så veldig kjent i Bergen er det ein fin måte å få ein liten sightseeingtur på!

Hva motiverer deg til å komme deg ut å trene?

På dagar med fint vêr synst eg det er enkelt å kome seg ut på trening, då er det helst der eg vil vera. Men på dagar med litt dårlegare vêr (som det ofte er i Bergen på vinterstid) er det greit å ha eit mål å jobbe mot som f.eks. BCM. Og har eg fyrst meldt meg på noko vil eg helst prestere best mulig ut i frå mine forutsetningar og då har eg ikkje noko valg enn å kome meg på trening. Men kor deilig er det ikkje å kome inn igjen etter ei treningsøkt ute i regnet?

Mitt liv med løping

Eg har alltid vore glad i å springa, og har sidan eg var liten vore med på mange forskjellige løp. Alt i frå terrengløp, motbakkeløp, maraton, baneløp og fjelløp. Eg er alltid klar for nye utfordringar for å sjå kva kroppen kan klare, og det har ført til mange gode opplevingar og masse meistring.

Eg sprang min fyrste halvmaraton i 2018, og det var Bergen City Maraton. Eg var ikkje veldig kjent i Bergen på denne tida, og synst det var ein fin måte å bli litt betre kjent i byen før eg skulle flytte hit og studere.

Som ambassadør for BCM har eg som mål å motivere flest mulig til å bli med på denne folkefesten i Bergen, slik at endå fleire kan oppleve denne meistringen av å klare å springe ein heil- eller halvmaraton. Saman med Myrna Dral og treningssenteret mosjonsgutane på Voss skal eg halde eit løpekurs på 10 veker i forkant av BCM, og gjennom dette håpar me på å få med oss fleire vossingar som er best mulig forberedt til start i BCM i 2020.