Terje Lyngstad, 53 år

Lærer, bor i Førde i Sunnfjord.

 

Hvilken distanse skal du løpe i BCM 2020?:

Maraton

Hvorfor vil du anbefale andre å delta i BCM?

Løpet er veldig sosialt. Mange deltakarar på ulike distansar, og med stafetten så blir det mykje liv og røre overalt. Fin ramme rundt Bryggen. Løypa er unik i og med at du får ei utsikt over den byen du spring i som det ikkje finst maken til i andre løp eg har delteke i. Stor trivselsfaktor for alle.

Hva motiverer deg til å komme deg ut å trene?

Eg har trent langdistanse så lenge at det aldri er spørsmål om å vere motiviert for å kome seg ut. Eg gler meg frå morgonen av til dagens løpetur, om den er ute eller inne. Det blir ein god vane, som å pusse tennene. Men enkelte økter er kjekkare enn andre: å vere i lag med ein eller fleire, å ta ein tur som inneber variasjon (fjell, sti, grus, asfalt i kombinasjon), å springe der eg ikkje har vore før. Dessutan er spesielle mål motiverande. Dei siste åra har eg sprunge rundt 15-18 løp i året, der nokre løp blir trening og andre blir mål om å prestere. BCM er gjerne eit løp eg har likt å sikte meg inn mot som prestasjon. I 2020 blir det snarare å gjennomføre, sidan eg har eit 100 miles løp i England helga etterpå.

BLOGG DEL 1

Eg spring, altså er eg

Identitet er så mykje. Eg er far til ei jente og ein gut som begge er vaksne. Eg er 53 år og midt i livet. Eg er lærar. Ein gong var eg teatersjef. Eg er interessert i politikk, og glad i bøker og film. Og eg spring. Eg er løpar. Om eg spør meg sjølv kva eller kven eg er, så kjem løpar høgt på lista. Å springe er ingen hobby for meg, det er ein lidenskap.

BLOGG DEL 2

My name is Bruce

Som sagt i sist innlegg sette eg meg ni mål frå 2016 til 2026, det året eg fyller 60:

Eg har dessutan laga meg eit motto for trening og løp i år, for å fortelje meg sjølv kva som er viktig i livet mitt no og framover. Mottoet er OPPLEVE FRAMFOR Å OPPNÅ. Korleis har det så gått med måla no når eg er midtvegs i målperioden?