Identitet er så mykje. Eg er far til ei jente og ein gut som begge er vaksne. Eg er 53 år og midt i livet. Eg er lærar. Ein gong var eg teatersjef. Eg er interessert i politikk, og glad i bøker og film. Og eg spring. Eg er løpar. Om eg spør meg sjølv kva eller kven eg er, så kjem løpar høgt på lista. Å springe er ingen hobby for meg, det er ein lidenskap.

Mange som ikkje deler lidenskapen min har ofte spurt meg kvifor eg spring. Lenge visste eg ikkje heilt kva eg skulle svare på eit spørsmål eg aldri hadde kome på å stille sjølv. For den som spring veit kvifor. Ei kjensle treng inga forklaring. Men eg skal prøve likevel. For det er muleg å forklare gjennom å dele opplevingar frå eit over tretti år langt springeliv.

Eg sprang mitt første maraton på Jølster i 1991, 24 år gamal, sterkt motivert av djup kjærleikssorg og behov for vektreduksjon. Opplevinga var god, tida litt svakare enn 3.30, og eg var biten av maratonbasillen. Frå 1991 til 1995 sprang eg 29 løp. Mi verste løpsoppleving til denne dag hadde eg under Jølster maraton i 1992. Eg fekk hjernekrampe og kollapsa 100 meter før mål. Eg var i koma i ein halvtime, og hadde store smerter sjølv i medvitslaus tilstand. Då eg vakna på sjukehuset i Førde var eg sikker på at eg var død, og syntest det var merkeleg at eg skulle vere kledd i singlet og shorts i dødsriket. Kollapsen tok nattesøvnen frå meg i nesten eitt år og eg las ut heile bibelen utan at det hjelpte særleg mykje, verken på forma eller på kjensla for det religiøse. I alle høve, eg fekk tilbake springegleda litt etter litt og kom meg tilbake på maratonsporet. Persen på denne tida var 3.04 i Drammen i 1995. Kort tid etterpå sprang eg mitt siste løp på dette tusentalet. Småbarn og hyppige jobbyte førte meg rett inn i ei ti år lang sofa- og chipsfelle. Vekta steig til over 100 kg og inaktiviteten blomstra.

I 2006 fekk eit par kameratar meg med til Reykjavik for å springe maraton. Då hadde eg alt begynt å trimme litt. Å kome i mål på 4.24 på Island var ein siger for meg, og eg byrja å trene meir regelfast. Neste løp, i München i 2008, gjekk på 4.33, og det var framleis ein siger å fullføre distansen. I 2009 sprang eg to løp, i Berlin og New York, begge på under fire timar. Eg var i gong.

To år og åtte maraton seinare, på nyttårsaftan 2011, stod eg i kulden utanfor huset til søstera mi. Brått fór det eit stjerneskot sakte over himmelen, og eg var rask til å ønske meg noko. Sidan stjerna brukte så lang tid, sette eg meg like godt åtte mål for dei neste ti åra:

1) Springe 60 000 km

2) Kvalifisere meg til Boston Marathon (3.25 i mi klasse)

3) Kome med i Boston

4) Krysse mållinja i Boston

5) Under tre timar på maraton

6) Vinne eit løp

7) Springe eit ultraløp

8) Springe mitt 100. maraton

Ein skal aldri fortelje nokon kva ein ønsker seg når ein ser eit stjerneskot, men sidan alle måla er nådde, kan eg gjere det no.

Mål er viktig for meg. Då veit eg kvar eg skal. Eg må berre gjere det som trengs for å kome dit. Mål i løp krev trening, nok trening og rett trening. Eg gjekk difor systematisk til verks, fann fram treningsopplegg frå dei som hadde lukkast før meg, byrja å skrive treningsdagbok, og sette i gang. Det første målet var det viktigaste, slik eg såg det. For skal du nå dei andre måla, må mengda vere på plass. Om ambisjonane er lågare, kan mengda vere mindre. Dette er det sjølvsagt delte meiningar om blant løparar, men for meg såg det sånn ut, og det var berre eg som skulle nå måla mine, ingen andre.

2012 vart mengdeåret. Eg sprang 16 maraton, og eitt av dei var Bergen City Marathon, som blei arrangert for første gong. Vi var ikkje veldig mange som stilte på startstreken på Torgalmenningen kl 8 om morgonen den 28. april, i eit løp som etter kvart har blitt ein folkefest, og er eitt av mine absolutte favorittløp. Eg har sprunge maraton der kvart år, og er i dag stolt over å få vere ambassadør for løpet som blir arrangert for 9. gong i år. I 2012 kom eg i mål på 3.49, noko eg var strålande fornøgd med. Den beste tida har eg frå 2016, då eg sneik meg inn rett under 3.04.

Målet om å kvalifisere meg til Boston vart nådd tidleg, og eg fekk startplass der i 2013. Boston er eit eventyr. Full av historie og eit publikum som ikkje heier, men hyler. Eg kom i mål på 3.17 og gret av glede over å ha fullført det lengst levande løpet i verda, arrangert kontinuerleg sidan 1897. Dryge 50 minutt etter målgang snudde gleda seg til sorg over dei fire som mista livet og dei nærmare 300 som vart skadde som offer for det feige terrorangrepet i målområdet.

Ein av dei døde, åtte år gamle Martin Richard, stod og venta på at faren skulle kome i mål då terroren råka. Veka før maratonløpet hadde han laga ein plakat med orda No more hurting people. Peace for å gi uttrykk for tankar og kjensler han hadde etter ei skulemassakre i Newtown i Connecticut kort tid i førevegen. Frå den dagen har eg sprunge nesten alle løpa mine i ein singlet der desse orda er trykt på ryggen.

Då det gjekk opp for meg kva som hadde hendt, bestemte eg meg for at eg måtte reise tilbake til Boston i 2014 for å heidre minnet til dei døde, at eg skulle ta med meg dei eg er mest glad i, dei to borna mine, og at eg skulle gjere alt som stod i mi makt for å springe mitt beste løp nokon sinne, nærmast som ei symbolsk handling, for å vise at terror ikkje skal øydelegge noko av det finaste vi har, idretten, ein arena som ikkje tek omsyn til politiske skiljelinjer, religion, etnisitet eller andre motsetnader.

I mellomtida opplevde eg å nå eit mål som heng høgt hos alle som spring maraton. I Stockholm 2013 sprang eg mitt første maraton under tre timar. Eg gløymer aldri kjensla av å kome i mål på olympiastadion i den svenske hovudstaden, ei heller at sonen min kasta seg rundt halsen min og sa at han var stolt av meg. Det hadde han aldri sagt før, og eg har vel ærleg talt aldri høyrt han seie det sidan.

2014 blei året for gode prestasjonar. Fem av sytten maraton gjekk på under tre timar. Eitt av dei sterkaste minna er returen til Boston. Det var deltakarrekord og sannsynlegvis publikumsrekord. Eg sprang eg i mål på 2.56 og stemninga var elektrisk frå start til mål. Midtvegs i løypa ligg Wellesley College, ein høgskule for kvinner. Dei har lang tradisjon med å stå langs vegen og hyle, med store plakatar der dei ber løparane om å kysse dei. Eg hadde for dårleg tid i 2013 og 2014 til å stoppe og kysse. Eg reiste difor attende ein gong til i 2015, med det eine store målet: å kysse minst tre av studentane frå Wellesley College. Eg valde ut jentene med desse plakatane: «Kiss me, I’m Cuban», «Kiss me, I’m sexual frustrated» og «Kiss me, I’m a dentist».

I juni sette eg maratonpersen på 2.54,06 i Stockholm, ei tid som eg garantert ikkje kjem til å slå, og glad er eg for det. Seinare på sommaren, i juli, nådde eg endå eit mål, då eg gjekk først over mållinja på Jølster på den herlege tida 2.59,58. Det er lite som kan måle seg med å vinne eit løp der start og mål ligg hundre meter frå huset der eg vaks opp. Foreldra mine på 79 og 83 sat i kvar sin campingstol på oppløpssida og gret og heia på sin snart femti år gamle son.

Maraton har alltid vore yndlingsdistansen min. Eg har sikkert ikkje sprunge meir enn ti halvmaraton i heile mitt liv, og endå færre 10 km og 5 km. Men ultra har eg vore nysgjerrig på sidan det vart introdusert for oss nordmenn rundt 2011. Eg måtte jo prøve, når eg hadde det som mål, og tok sikte på Stockholm Ultra 100 km i august 2015. Løypa var 12 ½ runder på 8 km ute på Djurgården. Eg trena og levde som ein toppidrettsutøvar i heile juli, sprang to økter for dagen og logga 930 km. Resultatet blei 8.52, 10. plass totalt og beste nordmann.

Dermed var seks av åtte mål nådde lenge før det var gått ti år. Eg hadde dessutan 99 maraton allereie i oktober 2015, og hadde ikkje planar om å utsetje det 100. i fem år. Det blei sprunge i Athen i november, for kva er meir naturleg enn å feire eit rundt tal i maratonløpets vogge. Det vart nok eit minne for livet, å springe i fotspora til Pheidippides frå Marathon til Athen, og gå i mål inne på den berømte velodromen nær gamlebyen.

Kva gjer du når du har nådd nesten alle måla fem år før tida? Du set deg nye mål. Nyttårsaftan 2015 sette eg meg desse måla fram til 2026, det året eg fyller 60:

1) Samla tal km 2011-2026: 100 000

2) Springe Comrades Marathon

3)Springe Comrades 11 gonger slik at eg i det ellevte løpet kan springe med grønt nummer (startnummer til odel og eige og medlem i Green Number Club)

4)Springe eit 50 km-løp

5)Springe eit 50 miles-løp (80 km)

6)Springe eit 100 miles-løp (160 km)

7)Springe eit 24-timersløp

8)Springe over 200 km i eit 24-timersløp

9)Arrangere mitt eige ultraløp

Vi skriv 2020. Eg har laga meg eit motto for trening og løp, for å fortelje meg sjølv kva som er viktig i livet mitt no og framover. Mottoet er OPPLEVE FRAMFOR Å OPPNÅ. Det er seks år att til eg skal gjere opp status for dei siste ni måla. Kva som er nådd og kva som står att, vil eg skrive om i neste blogginnlegg. PS! Veslejulaftan i fjor passerte eg 60 000 km sidan 1. januar 2011.