Som sagt i sist innlegg sette eg meg ni mål frå 2016 til 2026, det året eg fyller 60:

1) Samla tal km 2011-2026: 100 000

2) Springe Comrades Marathon

3) Springe Comrades 11 gonger

4)Springe eit 50 km-løp

5)Springe eit 50 miles-løp (80 km)

6)Springe eit 100 miles-løp (160 km)

7)Springe eit 24-timersløp

8)Springe over 200 km i eit 24-timersløp

9)Arrangere mitt eige ultraløp

Eg har dessutan laga meg eit motto for trening og løp i år, for å fortelje meg sjølv kva som er viktig i livet mitt no og framover. Mottoet er OPPLEVE FRAMFOR Å OPPNÅ. Korleis har det så gått med måla no når eg er midtvegs i målperioden?

Samla tal km er i dag knappe 61 000 km sidan 1.1.2011. Snittet har vore over 6 600 km i året. Eg treng rundt 5 600 i året dei neste sju åra for å kome i mål, så eg ligg godt an. Høg mengde er avgjerande om eg skal nå måla mine, men i dag går dei aller fleste turane på svært låg intensitet, ofte i gå-tempo, mest fordi eg trur det vil halde meg fri for skader.

Som nemnt sist gong sprang eg mitt første ultraløp i 2015, Stockholm Ultra 100 km. Men allereie i 2013 smakte eg på kva det ville seie å springe lenger enn maratondistansen. På den tida var eg teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater. Vi hadde sidan 2005 ein repertoarstrategi som sa at vi ville presentere historier frå fylket. Hendingar og menneske blei løfta fram på scena. Kva var meir naturleg då, enn å lage eit teaterstykke om ein av dei største idrettsheltane Norge har fostra, nemleg Mensen Ernst frå Fresvik i Sogn?

Det vil ta for lang tid å gå i detalj om Mensen Ernst her, men i Store norske leksikon på nett kan du lese dette:

«Mensen Ernst var en norsk distanseløper, opprinnelig sjømann. I 1818 ble han en profesjonell løper, kurér og postløper. Ernst skal ha utført en rekke oppsiktsvekkende løp, blant annet i 1832 fra Paris til Moskva (2500 km i luftlinje) på 14 dager. I 1836 skal han ha løpt fra Istanbul til Calcutta og tilbake igjen (over 9000 km) på 59 dager. Under et forsøk på å krysse Afrika fra nord til sør fikk Mensen Ernst dysenteri og døde i Egypt. Han ble gravlagt ved Nilen, hvor gravstedet nå er oversvømt av den ene Aswandammen. En minnestein i Fresvik ble avduket i 1987.»

Om du vil vite meir om denne legenda, finn du breiare omtale i Norsk biografisk leksikon og i boka Løperkongen av Bredo Berntsen (1986).

Å legge eit teaterrepertoar krev god tid, særleg når det er snakk om å skrive eit nytt stykke. Vi byrja difor allereie å planlegge stykket om Mensen Ernst i 2011. Då såg vi at Sogn og Fjordane fylte 250 år som eige fylke hausten 2013, nærare bestemt 19. september. Ideen vart då fødd om å feire fylket, samstundes som vi kunne drive reklame for teatret og stykket. Det skulle vi gjere ved at teatersjefen sprang gjennom fylket, frå grensa mot Møre og Romsdal i nord til grensa mot Hordaland i sør, vidare inn Sognefjorden til Fresvik, heimstaden til Mensen Ernst, før vi avslutta i Leikanger, der fylkesadministrasjonen låg den gongen. Vi målte opp avstandane og fann ut at det ville bli godt over 420 km, det vil seie distansen av ti maraton, noko som skulle springast på sju dagar. Sogn og Fjordane idrettskrins og Kreftforeningen blei samarbeidspartnarar. Vi laga arrangement mange stader, både på dag- og kveldstid, og vi samla inn pengar til Kreftforeningen.

Å springe ti maraton på sju dagar hadde eg naturlegvis aldri gjort før. Prosjektet vart difor ein ekstra motivasjon i treningsarbeidet frå ideen vart fødd, til løpet starta to år seinare. Eg sprang i det same kostymet som skodespelaren som spelte Mensen Ernst brukte på scenen, ein blå trikot, med påfuglmønster, og med fjær på ryggen. I følgje legenda brukte Mensen Ernst ei påfugldrakt når han sprang oppvisningsløp.

For meg vart dette eit minne for livet. Som teatersjef fekk eg lære fylket å kjenne på ein ny måte. Mange la merke til denne underlege skapningen som sprang rundt i fylket, og entusiasmen var stor dei stadane vi stoppa med idrettsaktivitetar, foredrag og basar. Det var heller ikkje utan dramatikk at eg kom meg gjennom denne veka. Allereie andre dagen, på veg ned frå Magnhildskaret mellom Bremanger og Flora, small det i høgre leggen. Eg skjønte fort at noko var gale, men fullførte etappen. Den kvelden var vi så nær Førde at eg låg heime i mi eiga seng. Etter ei kort behandling hos naprapaten, låg eg nærast og skalv i senga av redsle for å ikkje kunne fortsetje neste dag. Det siste eg ville var å bryte, slik at eg for alltid vart han som sa at han skulle springe ti maraton på sju dagar, og så måtte gi seg etter to. Jantelova er like sterk her som andre stader.

Eg gløymer aldri neste morgon. Eg kara meg opp av senga og kome meg til start i Eikefjord. Neste etappe skulle gå til Askvoll, ein strekning på over 65 km. Leggen var dobbelt så tjukk som den andre. I grålysninga ovanfor fotballbana i Eikefjord stod det fire personar og venta på meg, alle i løpeklede. Det kjendest som eg var berga. Eg var ikkje åleine. Vi gjekk dei første fem kilometarane, før vi sakte byrja å jogge. Slik heldt turen fram, med selskap frå mange på store deler av turen. Leggen heldt eg i sjakk, sjølv om eg ikkje såg tærne mine att før etter ei dryg veke etter målgang.

Eitt av høgdepunkta under turen var sjølvsagt å kome til Fresvik. Eg blei teken i mot som ein konge. «Velkomen heim, Mensen Ernst», stod det på plakatane til ungane som hadde møtt fram. Ingrid Kristiansen var hovudgjest. Ho heldt foredrag og etterpå var det servering. Det var i det heile tatt feststemning. Den siste dagen sprang eg i mål på Leikanger. der eg blei møtt av medlemmer i idrettslaget Syril, som til alt overmål hengde på meg ein lauberkrans.

Når eg etter mitt første ultraløp i Stockholm skulle kaste auga på nye spennande lange løp, var det eitt som skilde seg ut, nemleg Comrades Marathon i Sør-Afrika. Det er som Boston Marathon det lengst levande ultraløpet. Comrades er blitt arrangert kontinuerleg sidan 1921, med unntak av krigsåra på 40-talet. Det går frå Durban til Pietermaritzburg (up-run) og den andre vegen (down-run) annakvart år. Distansen er rundt 90 km nedover og litt kortare oppover, avhengig av kvar start og mål blir lagt, og kva for vegar som blir brukte. Ingen andre ultraløp har så mange deltakarar. Kvart år står rundt 25 000 på startstreken, og rundt 17 000 klarer å fullføre innanfor cut off (12 timar). I dag er løpet fullteikna berre nokre dagar etter at påmeldinga startar.

2016 var mitt første Comrades-år, og sidan er eg blitt hekta. Eg kan altså skrive check på mitt mål nummer 2. Min gode ven, Sondre Bjotveit, har største æra for å ha motivert meg til å springe Comrades, og det er få avgjerder eg har angra så lite på at eg har tatt. Stemninga rundt expoen i Durban er alltid noko for seg sjølv. Her blir vi internasjonale utøvarane tekne spesielt godt vare på, og krigshistorier frå tidlegare løp blir utveksla og etter kvart utvikla. Medaljane i løpet er ulike, alt etter kva tid du spring på. Startnummera har trykt på kor mange løp du har deltatt i. Og om du fullfører ti løp, får du startnummeret til odel og eige, eit såkalla green number. Du blir medlem i Green Number Club og startnummeret i det ellevte løpet er grønt. For utanforståande høyrest dette sikkert veldig barnsleg ut, men for oss som likar å leike og å vere barn igjen i godt vaksen alder, så er det så langt innanfor som det kan kome.

Eg har fire Comrades under beltet, og spring mitt femte i juni i år. Det er nedoverløp, til liks med det som blir arrangert neste år, då løpet av 100-årsjubileum. Då er det opna for at 38 000 får delta, sidan det stod 38 på startstreken 100 år tidlegare. Då skal eg love deg at det blir trangt om plassen frå Pietermaritzburg til Durban, men òg at stemninga langs vegen vil bli heilt spesiell blant det feststemte sør-afrikanske publikummet. Det luktar grillmat langs løypa frå sola har stått opp, til du er i mål. Skal eg klare mål nummer 3, kan eg ikkje skulke eit einaste løp fram til 2026. Akkurat det året er dessutan eit anna spesielt Comrades-år. Det er løp nummer 100, sidan det ikkje vart arrangert løp under den andre verdskrigen.

Comrades har mange legender, menn og kvinner som har sett løyperekordar og som har vunne mange gonger. Den største av dei alle er Bruce Fordyce. Han vann løpet ni gongar mellom 1980 og 1990, og har fullført 30 gongar. Det tek tid å reise frå Førde til Durban, vanlegvis eitt døgn frå dør til dør, og det blir mykje venting på flyplassar. Eg har gjort det til ein vane på legge inn minst eitt besøk på Starbucks når eg ventar. Der må vi som dei fleste veit seie kva vi heiter, så personalet kan skrive det på pappkoppen vår. Tidlegare sa eg alltid namnet mitt, men fekk aldri rett namn skrive på koppen. Det er faktisk ei utfordring å heite Terje i utlandet. Den første gongen eg reiste til Comrades fann eg ei løysing på problemet. «My name is Bruce», sa eg. Det heiter eg framleis.

I neste og siste blogginnlegg skal eg fortelje korleis det ligg an med dei siste seks måla mine. Eg vil òg kome inn på eit omgrep som betyr meir i denne idretten enn det meste eg har snakka om til no, nemleg venskap. Til så lenge, ha ein strålande treningsperiode no når dagane blir lengre og Bergen City Marathon nærmar seg med stormskritt.